Hopp til hovedinnhold

Ta eit steg tilbake – kjenn etter – kven er du som person, og kven er du som fagperson? Kva eigenskapar kan du ta med deg frå desse to rollane inn i den jobben du gjer kvar einaste dag?

Med denne vesle julekalenderartikkelen ønsker eg å fortelle om det å ta eigarskap til at ein først og fremst skal skape verdi, for teamet, for brukarane av tenesta ein lagar, og for verksemda ein jobbar for, i tillegg til å ta eigarskap til eigne arbeidsoppgåver ved å ta eitt steg tilbake og sjå på eigne styrker.

Kva skal eg vere nyttig for, eigentleg?

Nokre gongar er ein ute frå arbeidslivet av ulike årsaker og i ulik lengde. Alle kjenner me nokon, eller har vore der sjølv. Då eg skulle tilbake i jobb etter å ha vore i mammapermisjon kjente eg på at det var litt ganske skummelt å kome tilbake til jobb. Eg kjente på det å ha mista både jobbidentiteten min, og tryggleiken til meg sjølv som fagperson.

Illustrasjon som viser ei dame som er litt betutta med eit flagg i kvar hand. På det eine flagget står det mamma og på det andre flagget står det UX. På gensaren hennar står det I love Bekk.
Tanken på å skulle sjonglere og levere på både eit travelt småbarnsliv på heimebane, på å vere ux-designar og å kjenne på å bidra til Bekk, og det nye oppdraget mitt, skremte meg.

Før eg gjekk ut i permisjon var eg i eit appteam der eg jobba med produktutvikling i tospann med ein annan designar i eit domene som var enkelt å forstå. Då eg kom tilbake skulle eg inn, som einaste designar, i eit backendteam som kun leverer data. Å jobbe i eit slikt team hadde eg ingen erfaring med frå tidlegare, og eg tenkte: Kva skal eg vere nyttig for, eigentleg?

Eit viktig grep eg tok var å sjå på dette på to måtar:

  1. Korleis kan eg som fagperson bringe verdi til teamet og verksemda eg jobbar for?
  2. Kven er eg som person, og kva eigenskapar kan eg by på?

1. Korleis kan du som fagperson bringe verdi til teamet og verksemda du jobbar for?

På den eine sida har ein som fagperson eit breitt spekter av verdifulle bidrag ein kan ha med til teamet sitt i det oppdraget ein er på. Det handlar om kva hatt ein vel å ta på seg i ulike situasjonar, og ein treng på ingen måte å vere like sterk i alle dei ulike hattane. I mitt tilfelle gjekk eg gjennom ei oversikt min dyktige kollega Ragnhild Liven har laga som illustrerer kva arbeidsoppgåver ein designar kan ha, for å kunne etablere ei felles forståing hos alle i teamet om kva verdi eg som fagperson faktisk kunne bringe til bordet. Her som designar, men ei liknande oversikt for andre typar roller vil gi lik verdi. Det som også var fint med denne oversikta var at eg kunne snakke om kvar mine styrker ligg, og kva eg gjerne kunne tenkte meg å tileigne meg meir kunnskap på, samt kva eg eigentleg ikkje er så god på / interessert i å bygge kompetanse på i gitt situasjon.

Ei oversikt laga av Ragnhild Liven som viser eksempel på ulike arbeidsoppgåver ein designar kan ha. Kvalitativ innsikt, kvantitativ innsikt, grensesnittdesign, kartlegge, dialog og kommunikasjon, (støtte) produktledelse, design oprations og fasilitere prosess.
Kva oppgåver kan ein designar t.d. ha? Onepager laga av Ragnhild Liven, Bekk (2024).

Denne onepageren kan du finne igjen i Ragnhild sin artikkel som blir publisert 13. desember.

2. Kven er du som person, og kva eigenskapar kan du by på?

På den andre sida er me alle ulike personar (heldigvis!), og nøkkelen her ligg i å reflektere over nettopp dette. Kva er det du har i di personlege verktøykasse som du kan ta med deg inn i jobben din? Liker du å skape god stemning? Opptatt av psykologisk tryggleik? Prosessdrivar? Organisere? Lista kan eigentleg fortsette i det uendelege.

For meg var det veldig viktig å jobbe med å skape fellesskapskjensle og det å skape psykologisk tryggleik. Fordi å kunne skape fellesskapskjensle, og å vere trygg i eige team, bidrar til at det er enklare å kome seg på jobb om morgonen, at det er greit å ikkje få til alt – det er ok å spørre, og det er fint å kunne le og fjase med dei du ser på jobb kvar bidige dag. Dette er òg med på å bidra til at gapet mellom ulike personlegdomar i eit team blir litt mindre, noko eg ser på som veldig positivt.

Mine råd, dersom du kjenner deg som meg, er:

  • Skap fellesskapskjensle
    • Når faget ikkje er felles må ein finne andre måtar å knytte oss til kvarandre på
  • Ein skal ikkje kimse av kor viktig psykologisk tryggleik er
    • Finn dine måtar å vere med på å gjere teamet ditt til ein trygg og fin plass å vere
Illustrasjon som viser ei dame som sjonglerer. Dei ulike sjongleringsballane har tekstane: Psykologisk tryggleik, kreativ, samarbeid, sosiale ferdigheiter, problemløysar, glad i å organisere og prosessdrivar.
Det er ei lang rekke personlege eigenskaper det er mogleg å sjonglere mellom. Alle mennesker har sitt eige sett, og det er ingen fasit på korleis dei bør bli satt saman.

Verktøykassa di er mykje større enn du trur

Ved å ha evna til å innsjå at du er både fagperson og eit menneske med eigne kvalitetar og eigenskapar, kan du alltid, når det kjem ei ny utfordring din veg, øve deg på å tenke på kva det er du skal trekke opp av hatten din av bidrag til denne gitte situasjon, eller til denne gitte oppgåva.

I staden for at eg har gått inn i teamet som grensesnittdesignar, så har eg gått inn med at eg er eit teammedlem som skal skape verdi for teamet og kunden eg er hos. Korleis skal eg gjere det best mogleg? Det eg har innsett er at verktøykassa mi med holdningar, metodikk og verktøy kan skape positiv verdi inn til denne verdiskapinga. Det handlar om å fasilitere, forankre, kommunisere, få overblikk og kartlegge. Og for meg handlar det òg om å skape psykologisk tryggleik og gi av meg sjølv.

Det finst ingen fasit på kva du kan bidra med inn i eit team. Verktøykassa di er garantert mykje større enn du trur. Tenk etter kva du er god på og reflekter over kva du trekkes mot av oppgåver. Kva er du god på som personen du er, og kva har du med frå fagbakgrunnen din? Kombinasjonen av dette er det du tilfører teamet.

Og er du i same situasjon som eg var i tidlegare i år, ny i teamet, og kjenner deg litt som the odd one out, prøv:

  • Ver ærleg
    • Spør når du ikkje forstår (sjølv om du har spurt om det ti gongar før).
  • Grip sjansen
    • Hopp i det. Ta ansvar der du ser det trengs.
  • Det er lov å vere redd
    • Men ikkje stå i det åleine. Bruk folka rundt deg.
  • Våg å vere deg sjølv
    • Senk skuldrene, by på deg sjølv. Bidra til den psykologiske tryggleiken.

Lukke til i jakta på eigenskapar å putte i verktøykassa di (og god førjulstid 🎄)!

Likar du innlegget?

Del gjerne med kollegaer og vener